Ungdomstrinnet på Den Norske Skolen, Málaga har jobbet med den sterke sjangeren Slampoetry. Vi er så heldige og har fått tillatelse til å dele Yasmin, Selim, Aquiles, Iselin, Nathalie og Frida sine sterke bidrag.
Den siste uken i januar gikk elevene på scenen i kultursalen og fremførte sine egenkomponerte opptredener for hverandre og norsklærerne, med sterke ord, innlevelse, rim, musikk og andre virkemidler. Det ble en uforglemmelig happening.
Aquiles er norsk, og spansk. Han føler seg spansk og norsk, men ikke hele tiden. Hør hva han har å si om identiteten sin her:
Selim tar for seg situasjonen vi lever i – den nye hverdagen under pandemien:
Kjønnsforskjeller? Vi er kanskje ikke helt kvitt dem enda, noe eleven Nathalie bekrefter for oss ved å produsere denne teksten i januar 2021. Hør Nathalie – Kvinnenes kamp om likeverd er ikke ferdig kjempet!
Ensomhet
Du veit den kjensla av at ingen bryr seg
Kjensla som får deg til å vilja forandra deg for å passa inn, sjølv om det er eit feilsteg
Kjensla av å ikkje bli sett
Kjensla som får deg til å lurt på om du nokon gong vil vera bra nok, det er ikkje lett
Det er så utruleg smertefullt å innsjå at du ikkje er så viktig for nokon som du trudde
Pusten blir slått ut av lungene
Auga svir og så kjem dei salte tårene
Du kjenner at blodet brusar i årene
Einsemd er når eg lenar meg mot deg, og fell
Eg som trudde at du hjelpte alle
Vêr så snill og gje meg ei hand
Følelsane mine veg meir enn eit tonn
Eg pustar djupt inn for å fylla tomrommet inni meg
Det verkar sjølvsagt ikkje, men det fortel eg aldri til deg
For du vil aldri forstå
Korleis det er å vera meg akkurat no
Eg kan verka kresen når det kjem til vener
Og kanskje det faktisk stemmer
Alt eg treng er nokon som er morosame og snille
Det er vel ikkje så ille?
Eg er så utruleg lei av å setja meg ved sida av folk som aldri ville gjort det same for meg
Eg er lei av å sjå folk som har det gøy i lag, folk som ler
Kanskje eg skal gå bort å seia «Hei»
Men så innser eg at eg ikkje vil bli sånn som dei
Er eg usynleg, eller er det du som er blind?
Kan du ikkje berre sleppa meg inn?
Eller kanskje det er eg som er blind fordi eg berre ser den eine sida av deg
Den sida som du har valt å visa til meg
Eg veit ikkje om du ser meg
Men eg ser deg
Du som smiler og er hyggeleg kvar dag
Eg ser at det ligg noko bak
Til deg som gir alt du har
Til alle som vil ha
Ikkje får du noko tilbake då
Og folk berre fortset å ta
Det er nok sant dei snillaste er dei mest einsame
Tenk kor mykje hjarta deira rommar
Så viss du nokon gong følar deg einsam, berre sjå på månen og stjernene
Fordi ein eller annan plass, så ser nokon på akkurat det same